Bedriftsserien 2022/23

Vert dykkar verksemd ny seriemeister i bowling?

Vi vil med dette invitere verksemda di til bedriftsserien i bowling 2022/23.

Vi tek imot påmelding til og med 1. september, og startar opp kampar 20. september.

Kvar deltakande verksemd kan stille med eitt eller fleire lag. Kvart lag består av tre hovudspelarar, og eventuelt inntil to innbytarar.

Fram mot finalen på våren 2023 skal kvart lag spele fleire kampar. Vi har sett av tysdagar som primær kampdag, og laga kan spele mellom kl. 19 og 21. Kampar kan etter nærare avtale utsetjast. Ein kamp består av to bowlingseriar, og ein spelar alltid mot ulike motstandarar.

Dette er ei unik mogelegheit til å skape ein aktiv og engasjerande sosial møtestad for medarbeidarane dine utanfor arbeidsstaden.

Under serien kan ein spele mot andre konkurrerande eller samarbeidande verksemder, samle poeng, og vinne flotte premiar på slutten av sesongen. Vi kårar ein seriemeister, 2. plass, 3. plass samt beste individuelle spelar. Vinnarane får flotte premiar og ein skinande pokal til personalrommet.

Alle som vil kan!

Bowling hjelper oss med å forbetre fleksibiliteten i kroppen, styrke kjernemuskulaturen i armar og bein, og å betre hand- og augekoordinasjonen. I tillegg kan idretten utøvast av alle aldersgrupper - heilt uavhengig av fysisk form og treningsnivå, då bowling - trass i å være ein aktivitet med omfattende rørsle - har låg belastning på ledd og kne.

Det er anslått at den gjennomsnittlige bowlingspelar tek rundt 71 skritt per minutt i aktivt spel. Dette tilsvarer ein gangdistanse på over 800 meter per bowlingserie. Ein forbrenn difor opp mot 300 kaloriar på å spele bowling i ein time. For å sette dette i perspektiv tilsvarar dette den mengda kaloriar du ville forbrent om du skulle hoppa tau i 25 minutt samanhengande.

Bowling er ein morosam og enkel måte å slappe av på i hovudet, samtidig som kroppen får trening.

Påmeldingsavgift kr. 600,- pr. hovudspelar og. kampavgift kr. 300,- pr. kamp (6 kampar). Gode rabattar og tilbod på mat og drikke, samt invitasjon til spesielle arrangement, t.d. lønningspils og juletapas.

Avgifter fakturerast verksemda dersom anna ikkje er avtalt. 

Alle seriespelarar får 50% rabatt på bowling i den ordinære opningstida til hallen so lenge bedriftsserien pågår.

Kampstart 20. september 2022. Kampoppsett og kampfrekvens avhenger av antal påmeldte lag, og vil bli annonsert ved seinare høve. Kvart lag spelar seks kampar fram mot april 2023. 


Påmelding er økonomisk bindande. Bedrifta vert fakturert for speleavgift når påmeldinga er godkjend av ansvarshavar i bedrifta.